Sjukdomsavløysing er definisjonen som er brukt på avløysing som kjem i tillegg til ferie/fritids avløysing. Dette gjeld følgande:
- når den som har næringsinntekt frå garden har sjukemelding
- når den som har næringsinntekt frå garden har bekreftelse frå sjukehus på behandling
- ved dødsfall i nære relasjoner
- ved sjukdom hos barn
- under fødselspermisjon
Kor mykje som blir dekka i disse tilfella blir bestemt ut frå kor mykje du har i ferie/fritidsrefusjon, om du har andre inntekter/trygder utanom, at du har minst 1/2G i inntekt fra garden i snitt frå dei to siste åra.
Uansett vil vi anbefale at du kontaktar oss i disse tilfella. Det er du som kunde som er ansvarleg for søknaden, men det er vi som lagar han til. Gjeld sjukemeldinga meir enn 16 dagar, må og D-delen av sjukemeldinga sendast inn, og vi skriv eit fullmaktsskjema for å rekne ut kva du har krav på frå NAV. Etter at vi har lønna ut, blir du fakturert på vanlig måte. Vi sender søknaden, refusjonen vil kome tilbake til din konto når søknaden er godkjent av kommunen. Kor mykje du får dekka, er det landbrukskontoret i kommunen som reknar ut.
Når det gjeld avløysing i desse tilfella, kan du bruke kven du vil, men ikkje ektefelle/sambuar eller barn under 15 år. Det er og vilkår om at vedkomande «avløysar» ikkje har næringsinntekt frå føretaket. Mange vel å bestille landbruksvikar, gjerne i kombinasjon med eigne avløysarar.