Landbrukstenester Folgefonna

Pris på leie av landbruksvikar

Prisane inkluderer alt ekskl. mva.

Det vert ikkje fakturert for køyretid, og det vert heller ikkje lagd på køyregodtgjersle

Helgeprisen på 50% tillegg gjeld alle laurdagar og søndagar, samt alle andre helgedagar. Heilagdagar vert det berekna 100% tillegg.

Vi har ei minstefakturering på 2 timar pr oppmøte. Og sjukdomsavløysing er alltid førsteprioritet.

Heil dag Halv dag Timepris
Sjukdom kr 1 670    (kr 2 100 frå 2023)  kr 835    (kr 1 050 frå 2023)
Ferie / fritid kr 320
Ferie / fritid helg kr 480
Ferie / fritid heilagdag kr 640
Andre oppdrag kr 400
Andre oppdrag helg kr 600

 

Sjukdom

Denne innbefatter sjukdom, sjukt barn, dødsfall, fødselspermisjon

Sjukdom vil bli refundert på eige grunnlag, og vil ikkje påvirke ferie/fritids refusjonen.
Etter utført jobb blir dette fakturert på vanlig måte, og må betalast inn. Refusjonen vil kome tilbake til din konto når søknaden er godkjent av kommunen.

Ferie / fritid

Denne vil bli fult dekka av det du har fått tildelt til ferie/fritid. Ver klar over at det blir sendt rekning etter utført jobb, og denne må betalst innen forfall. Du som bonde kan velge og sette refusjonen inn til oss. Då slepp ein måtte betale rekninga, og pengane blir trekt frå din konto etterkvart. Blir det brukt meir enn tildelt refusjon vil ein ikkje få det dekka av staten.

Andre oppdrag

Andre oppdrag er det ingen refusjon for, og blir fakturert etter utført jobb