Landbrukstenester Folgefonna

Lønnstabell 2022

Trykk på denne linken for Lønnstabell 2022

Minsteløn tariff

Minsteløn som  gjeld i perioden 1. april 2022 til 31. mars 2023

Dette er ein lovpålagt minstelønnstariff, og det er ikkje mulig å avtale mindre enn denne tabellen tilseier. Dersom det brukast akkord eller annan form for fastlønn (f. eks daglønn), skal fortsett minsteløn oppretthaldast.

Det kan vere litt uklart kva som skal reknast som ansiennitet. Her følgjer eit utdrag frå overenskomsten til jordbruket:

  • Førstegangstenester i forsvaret og sivilteneste godskrivast i første omgong etter avslutta teneste.
  • Svangerskapspermisjon gjev inntil eitt års ansennitet
  • All arbeid innan gartneri, hagebruk og landbruk skal reknast med, og annan relevant praksis som har betydning for stillinga blir teke med etter avtale. Dette gjeld for faste stillingar.
  • For sesongarbeid skal relevant praksis med minst 5 mnd. varighet kvart år godskrivast. Arbeid i lignande virksomhet skal ett år godskrivast ved minst 6 mnd. arbeid.

Som det kjem fram av lønstabellen, skil den på 162,5 t/mnd. og 154 t/mnd. Normalt er det 162,5 t/mnd. som blir brukt, men viss vedkommande jobbar fast turnus der helgejobbing inngår, skal 154 t/mnd. brukast.

Når det gjeld utanlandske arbeidstakarar over 18 år skal desse ikkje lønnast mindre enn kr 135,00 pr time. Dersom arbeidskontrakta går utover 3 mnd. skal minimum kr 141,00 brukast.

For arbeid på laurdag/søndag og andre helgedagar skal det reknast 50% tillegg. På heilagdagar skal det reknast 100% tillegg pr time.

For alle arbeidsforhold skal det føreliggje ei arbeidskontrakt før jobben startar opp. Det er fleire grunnar til at dette er viktig, men verd å merke seg er betingelsane for lønn, pausar, arbeidstid o.l. Det er ikkje alltid greit å ta denne diskusjonen når arbeidet er starta opp.

Ved bruk av sesongarbeidskraft, og spesielt utanlandsk arbeidskraft er det viktig at de tar kontakt med LTFolgefonna, når det er klart kven som skal arbeide. Dette for at avtalar vert skrivne, tillatelsar og skattekort er på plass til lønning.

Alle arbeidstakarar som er lønna gjennom avløysarlaget er forsikra for yrkesskade og ansvar.