Kretsmøte Hardanger

Kretsmøtet i Hordaland var i år slege saman med den tradisjonsrike Bondekafeen i Omvikdalen, som Omvikdalen Bondelag har ein gong i månaden. Om lag 35 personar høyrde Sonja Ramsvik frå Fylkesmannen i Hordaland oientera om nye reglar for produksjonstilskot og avløysing. Skal vi døma etter spørsmåla som kom etter orienteringa, så var det mange bønder som ikkje såg på dei nye reglane som ei forenkling.

Etterpå orienterte dagleg leiar Inger B Eik om korleis året har vore i laget, og om korleis framtida kan verta med dei nye reglane.
Etter valet av utsendingar vart møtet avslutta med kaffi, rundstykke og mjølkekaker.