Samling for LV i Buskerud

I forbindelse med krinsmøtet i Buskerud, så samla vi Landbruksvikarane for møte, middag og shuffleboard.

Ettersom dette var på sjølvaste kvinnedagen, så var karane greie og lot Janne og Bitte vinne.

På møtet kom det fram ein del informasjon som er nyttig for bøndene og vite:

-Landbruksvikarane ønskjer at bøndene tek kontakt direkte med dei for å avtale avløysing. Dersom avløysaren ikkje kan den dagen som er ønska, så kan ein ta kontakt med kontoret.

  •           -Telefon nummer til Landbruksvikarane vil bli lagt ut på heimesida under tilsette, slik at bøndene kan finne det der.

– Kenneth håpar bøndene kan kontakte han i god tid på førehand for å bestille klauvskjæring. På den måten er det enklare for han å planlegge dagane, og kunne samkøyre besøka slik at det og blir billigare for bøndene.

– Frå no av kjem LV og på austsida til å føre timane sine i WebTemp, bøndene vil då få beskjed når dei skal inn og godkjenne timane der.

– Alle var einige om at vi må bli flinkare til å ha fleire sosiale samlingar for LV i aust og vest.