Prisar

Under er det lagt inn ein tabell som viser prisane ved bruk av Landbruksvikar.
Prisane inkluderer alt, men MVA vil bli fakturert i tilegg. Vi har ei minstefakturering på 2 t pr oppmøte. Har ein då ein kort fjøs kveld og morgon så vil det likevel blir fakturert for minimum 4 t.
Det blir ikkje fakturert for køyretid, og det blir heller ikkje lagt på køyregodtgjersle

Helgeprisen gjeld alle laurdagar og søndagar, samt alle andre helgedagar.

Dag Halv dag Timepris
Sykdom1) 1.530
Ferie/fritid2) 300
Ferie/fritid helg2) 450
Andre oppdrag3) 280
Andre oppdrag helg3) 480

1) Denne innbefatter sjukdom, sjukt barn, dødsfall, fødselspermisjon

Sjukdom vil bli refundert på eige grunnlag, og vil ikkje påvirke ferie/fritids refusjonen.
Etter utført jobb blir dette fakturert på vanlig måte, og må betalast inn. Refusjonen vil kome tilbake til din konto når søknaden er godkjent av kommunen.

2) Denne vil bli fult dekka av det du har fått tildelt til ferie/fritid. Ver klar over at det blir sendt rekning etter utført jobb, og denne må betalst innen forfall. Du som bonde kan velge og sette refusjonen inn til oss. Då slepp ein måtte betale rekninga, og pengane blir trekt frå din konto etterkvart. Blir det brukt meir enn tildelt refusjon vil ein ikkje få det dekka av staten.

3) Andre oppdrag er det ingen refusjon for, og blir fakturert etter utført jobb