Velkomen til Landbrukstenester Folgefonna SA
Landbrukstenester Folgefonna er eit samvirkeeigd avløysarlag lokalisert i Rosendal. Vi dekkjer 15 kommunar i fylka Hordaland og Buskerud. Ordninga med kommunalt tilsett landbruksvikar vart avvikla i 2008, og det er no avløysarlaga som administrerar denne tenesta.
Laget vårt har 10 landbruksvikarar, administrasjon på tre personar og om lag 800 aktive medlemmar. Medlemmane er stort sett bønder, men me ser at delen av andre firma som nyttar oss til utlønning stadig er aukande. Er du ikkje medlem hjå oss, men ynskjer å byrja bruka oss til utlønning er det berre å ta kontakt
Vi kan:
- Skaffe kvalifisert arbeidskraft til landbruket.
- Stå for utlønning og forsikring av avløysaren ved ferie og sjukdom.
- Administrere landbruksvikar.
- Hjelpe til med søknad for refusjon ved sjukdom, for deg som bonde.
- Ta på oss utlønning for bedrifter utanom landbruket.
Vi tilbyr:
- Kompetent fagfolk i alle typar fjøs. Robot, mjølkegrav og båsfjøs.
- Skogsarbeid, sprøyting, gjerding
- Klauvskjæring, fostertelling
- Onne arbeid
Vert du sjuk/skadd og treng avløysing, har du rett på hjelp sjølv om du ikkje er medlem hjå oss.