Nyheter

Velkomen til Landbrukstenester Folgefonna SA

Landbrukstenester Folgefonna er eit samvirkeeigd avløysarlag lokalisert i Rosendal. Vi dekkjer 15 kommunar i fylka Hordaland og Buskerud. Ordninga med kommunalt tilsett landbruksvikar vart avvikla i 2008, og det er no avløysarlaga som administrerar denne tenesta.
Laget vårt har 10 landbruksvikarar, administrasjon på tre personar og om lag 800 aktive medlemmar. Medlemmane er stort sett bønder, men me ser at delen av andre firma som nyttar oss til utlønning stadig er aukande. Er du ikkje medlem hjå oss, men ynskjer å byrja bruka oss til utlønning er det berre å ta kontakt

Vi kan:

  • Skaffe kvalifisert arbeidskraft til landbruket.
  • Stå for utlønning og forsikring av avløysaren ved ferie og sjukdom.
  • Administrere landbruksvikar.
  • Hjelpe til med søknad for refusjon ved sjukdom, for deg som bonde.
  • Ta på oss utlønning for bedrifter utanom landbruket.

Vi tilbyr:

  • Kompetent fagfolk i alle typar fjøs. Robot, mjølkegrav og båsfjøs.
  • Skogsarbeid, sprøyting, gjerding
  • Klauvskjæring, fostertelling
  • Onne arbeid

 

Vert du sjuk/skadd og treng avløysing, har du rett på hjelp sjølv om du ikkje er medlem hjå oss.

 

Nyhende og informasjon

 

Kontortider i påska

I morgon 12 april blir der ikkje folk på kontoret, men vi er alle tilgjengelige på telefon. I helligdagane er vakttelefonen betjent heile døgnet. Ring den om det er noko som hastar. God påske.

Samling for LV i Buskerud

I forbindelse med krinsmøtet i Buskerud, så samla vi Landbruksvikarane for møte, middag og shuffleboard. Ettersom dette var på sjølvaste kvinnedagen, så var karane greie og lot Janne og Bitte vinne. På møtet kom...

Opningstider jula 2016

Veslejulafta: 09.00-12.00 3 juledag: 10.00-14.00 4 juledag: stengt 5 juledag: 10.00-14.00 vesle nyttårsafta: 09.00-12.00 Vi er å nå på vakttelefonen  heile jula: telefon nummer 99086137 God Jul og Godt Nyttår til alle bønder og...

Informasjonsskriv

Oppdatert informasjon vedrørande nedlegginga på Gol ligg her Avdelingskontoret på Gol og avtalen med Hemsedal Innkjøpslag er vedtatt nedlagt frå 15.september 2016. Dette ble vedtatt på styremøte 29. juni 2016 i sak 22/16. Dette medfører...