Nyheter

Velkomen til Landbrukstenester Folgefonna SA

Landbrukstenester Folgefonna er eit samvirkeeigd avløysarlag lokalisert i Rosendal. Vi dekkjer 15 kommunar i fylka Hordaland og Buskerud. Ordninga med kommunalt tilsett landbruksvikar vart avvikla i 2008, og det er no avløysarlaga som administrerar denne tenesta.
Laget vårt har 10 landbruksvikarar, administrasjon på tre personar og om lag 800 aktive medlemmar. Medlemmane er stort sett bønder, men me ser at delen av andre firma som nyttar oss til utlønning stadig er aukande. Er du ikkje medlem hjå oss, men ynskjer å byrja bruka oss til utlønning er det berre å ta kontakt

Vi kan:

  • Skaffe kvalifisert arbeidskraft til landbruket.
  • Stå for utlønning og forsikring av avløysaren ved ferie og sjukdom.
  • Administrere landbruksvikar.
  • Hjelpe til med søknad for refusjon ved sjukdom, for deg som bonde.
  • Ta på oss utlønning for bedrifter utanom landbruket.

Vi tilbyr:

  • Kompetent fagfolk i alle typar fjøs. Robot, mjølkegrav og båsfjøs.
  • Skogsarbeid, sprøyting, gjerding
  • Klauvskjæring, fostertelling
  • Onne arbeid

 

Vert du sjuk/skadd og treng avløysing, har du rett på hjelp sjølv om du ikkje er medlem hjå oss.

 

Nyhende og informasjon

 

Medlemsmøte i Buskerud

Minner om medlemsmøte i Buskerud fredag 16 juni kl 20.00 Innkalling er sendt til alle medlem på mail eller i posten. Tema vil vere: Webtemp Vegen vidare for laget. Vel møtt Kontoret vil samtidig...

Innbetaling av refusjon

I går blei refusjonen til våre medlemmer utbetalt for ferie/fritid i 2016. Vi oppfordrar då om at dette blir sett inn til oss. På den måten slepp du som bonde og få rekning som må...

Vårsamling

Administrasjonen er 23-24 mai på vårsamling, men er tilgjengelige på telefon og epost. Vi vil ha med den bærbare pc’en så evt spørsmål vil kunne bli besvart og gjort noko med når vi har anledning.

Avløysarkurs

Som vedlegg under ligg programma for avløysarkursa i Hordaland og Buskerud. Alle våre aktive bønder og ansatte skal ha fått denne på epost eller sms, men ettersom at programmet på Gol og no er...