Nyheter

Velkomen til Landbrukstenester Folgefonna SA

Landbrukstenester Folgefonna er eit samvirkeeigd avløysarlag lokalisert i Rosendal. Vi dekkjer 15 kommunar i fylka Hordaland og Buskerud. Ordninga med kommunalt tilsett landbruksvikar vart avvikla i 2008, og det er no avløysarlaga som administrerar denne tenesta.
Laget vårt har 10 landbruksvikarar, administrasjon på tre personar og om lag 800 aktive medlemmar. Medlemmane er stort sett bønder, men me ser at delen av andre firma som nyttar oss til utlønning stadig er aukande. Er du ikkje medlem hjå oss, men ynskjer å byrja bruka oss til utlønning er det berre å ta kontakt

Vi kan:

  • Skaffe kvalifisert arbeidskraft til landbruket.
  • Stå for utlønning og forsikring av avløysaren ved ferie og sjukdom.
  • Administrere landbruksvikar.
  • Hjelpe til med søknad for refusjon ved sjukdom, for deg som bonde.
  • Ta på oss utlønning for bedrifter utanom landbruket.

Vi tilbyr:

  • Kompetent fagfolk i alle typar fjøs. Robot, mjølkegrav og båsfjøs.
  • Skogsarbeid, sprøyting, gjerding
  • Klauvskjæring, fostertelling
  • Onne arbeid

 

Vert du sjuk/skadd og treng avløysing, har du rett på hjelp sjølv om du ikkje er medlem hjå oss.

 

Nyhende og informasjon

 

Nyheitsbrev nummer tre 2017

Sumaren er ei roleg tid, både for oss i administrasjonen og dei i styret. Sumaren går med til ferieavvikling og dagane er litt rolegare enn elles i året. Med unntak av eit par dagar...

Informasjonsskriv september 2017

Informasjonsskrivet for september 2017 kan de lese her Legg spesielt merke til fristen for produksjonstilskudd, og den nye fristen for innlevering av timelister. Ved spørsmål kan ein ta kontakt med kontoret.

Medlemsmøte i Buskerud

Minner om medlemsmøte i Buskerud fredag 16 juni kl 20.00 Innkalling er sendt til alle medlem på mail eller i posten. Tema vil vere: Webtemp Vegen vidare for laget. Vel møtt Kontoret vil samtidig...

Innbetaling av refusjon

I går blei refusjonen til våre medlemmer utbetalt for ferie/fritid i 2016. Vi oppfordrar då om at dette blir sett inn til oss. På den måten slepp du som bonde og få rekning som må...