Nye tilbod gjennom Landbrukstenester Folgefonna

Barfottrimming

I november 2017 skal vår landbruksvikar Janne Alsaker opp til eksamen for å bli sertifisert barfottrimmar. Innen ho kan gå opp må ho ha dokumentert 100 barfottrimmar (hovstell på hest),

Dersom våre medlemmer ønsker å benytte seg av tilbudet ho gjev kan dei ta kontakt med Janne direkte på 94889374.

Ho har og laga ei facebook side der ho oppdatera etterkvart kva datoar ho oppheld seg i enkelte områder.

https://www.facebook.com/Barfottrimmar-student-Janne-Alsaker-1711149879206542/

 

Fostertelling

I november skal Janne til Skotland for opplæring i fostertelling på sau. Frå januar vil dette vere eit tilbud ho kan gje bøndene. 6143546

Dei som er interesserte kan ta kontakt med ho for å skrive seg opp på lista. Vi kjem tilbake med nøyaktig pris når det nærmar seg.

På same facebook sida som barfottrimminga vil det bli oppdatert med informasjon om fostertellinga når ho kjem igjen frå Skotland.

 

Saueklipping

Landbruksvikar Wieslaw Just er i desse dagar igong med kurs i saueklipping. Etterkvart vil han og kunne gje bøndene eit tilbud om dette.

Blir lagt ut ny informasjon om dette tilbudet når han er klar for å ta på seg oppdrag.