Minsteløn 2016

Minsteløn som  gjeld i perioden 1. april 2016 til 1.april 2017
Tabellen finn de i botnen på denne sida.

Dette er ein lovpålagt minstelønnstariff, og det er ikkje mulig å avtale mindre enn denne tabellen tilseier. Dersom det brukast akkord eller annan form for fastlønn (f. eks daglønn), skal fortsett minsteløn oppretthaldast.

Det kan vere litt uklart kva som skal reknast som ansiennitet. Her følgjer eit utdrag frå overenskomsten til jordbruket:

  • Førstegangstenester i forsvaret og sivilteneste godskrivast i første omgong etter avslutta teneste.
  • Svangerskapspermisjon gjev inntil eitt års ansennitet
  • All arbeid innan gartneri, hagebruk og landbruk skal reknast med, og annan relevant praksis som har betydning for stillinga blir teke med etter avtale. Dette gjeld for faste stillingar.
  • For sesongarbeid skal relevant praksis med minst 5 mnd. varighet kvart år godskrivast. Arbeid i lignande virksomhet skal ett år godskrivast ved minst 6 mnd. arbeid.

Som det kjem fram av lønstabellen, skil den på 162,5 t/mnd. og 154 t/mnd. Normalt er det 162,5 t/mnd. som blir brukt, men viss vedkommande jobbar fast turnus der helgejobbing inngår, skal 154 t/mnd. brukast.

Når det gjeld utanlandske arbeidstakarar skal desse ikkje lønnast mindre enn kr 113,50 pr time. Dersom arbeidskontrakta går utover 3 mnd. skal minimum 119,00 kr brukast.

For arbeid på laurdag/søndag og andre heilagdagar skal det reknast 50% tillegg.

For alle arbeidsforhold skal det føreliggje ei arbeidskontrakt før jobben startar opp. Det er fleire grunnar til at dette er viktig, men verd å merke seg er betingelsane for lønn, pausar, arbeidstid o.l. Det er ikkje alltid greit å ta denne diskusjonen når arbeidet er starta opp.

Ved bruk av sesongarbeidskraft, og spesielt utanlandsk arbeidskraft er det viktig at de tar kontakt med LTFolgefonna, når det er klart kven som skal arbeide. Dette for at avtalar blir skrivne, tillatelsar og skattekort er på plass til lønning.

Ferie og innhøstingshjelp Kr pr time
16-17 år 93,50
Nybegynnarar over 18 år(utland <3 mnd 113,50
Nybegynnarar over 18 år 3-6 mnd (utland >6 mnd) 119.00
Kr pr time m/agronom Kr pr time u/agronom
16-17 år 101,50
17-18 år 105,50
Over 18 år
Nybegynner 143,00 134,00
Etter 1 års praksis 146,00 136,00
Etter 2 års praksis 150,50 140,50
Etter 4 års praksis 158,50 148,50
Etter 6 års praksis 165,50 155,50
Etter 8 års praksis 169,50 160,50
Ungdom u/ 16 år Kr pr time
13 år 81,50
14 år 87,50
15 år 93,50

Faste ansatte
1 årsverk  231 dager – 1640 timer. 1 dag er 7,1 time, 1 veke er 35,5 timar og 1 mnd er 154 timar.
Vanlig turnus er 10 dagar arbeid, 4 dagar fri og arbeid anna kvar helg. Delt dag, helgearbeid og køyring er med i lønna.

Ansisnitet/praksis Årslønn m/agronom Timelønn m/agronom Årslønn u/agronom Timelønn u/agronom
Nybegynnar 280 896,00 152,00 259 644,00 140,50
Etter 1 års praksis 286 440,00 155,00 265 188,00 143,50
Etter 2 års praksis 295 680,00 160,00 274 438,00 148,50
Etter 4 års praksis 310 464,00 168,00 289 212,00 156,50
Etter 6 års praksis 323 400,00 175,00 302 148,00 163,50
Etter 8 års praksis 333 564,00 180,50 312 312,00 169,00

Alle avløysarar som blir lønna gjennom eit avløysarlag er forsikra for yrkesskadar og ansvar