Medlemsmøte

Vi kallar med dette inn til medlemsmøte i både krins Hordaland og i krins Buskerud, før det vert ekstraordinært årsmøte på Voss tysdag 22.nov.

Bakgrunnen for desse møta er at det på årsmøtet i april 2016 vart diskutert og røysta over om laget skulle delast ved fisjon. Dette vart stemt ned av årsmøtet og det blei bestemt at styret skulle jobbe vidare med ei deling av laget. På styremøtet i Eidfjord 11.oktober 2016 vart det i sak 33/16 einstemmig vedteke at ei minneleg ordning der medlemmer fritt kan melde seg ut av laget og få med seg ein kompensasjon/gåve er beste ordninga. Etter §7 i vedtektene har eit medlem som melder seg ut kun krav på andelsinnskot på kr 200,-. Dersom det vert ein overgong mellom to lag, meiner styret at det er rett at dei får med seg ein andel av eigenkapitalen som vert betalt ut til det nye laget, også fordi dette har med landbruksvikarane å gjere.

Det vart og diskutert kor stort beløp av eigenkapitalen kvart medlem skulle få med seg over i nytt lag, og det vart røysta over dette.

Vedtak: 4 røysta for eit beløp på kr 3650,- pr medlem. (3 røysta for eit beløp på kr 4750,- pr medlem).

Dette er styret si innstilling til ekstraordinært årsmøte.

 

Medlemsmøte i Hordaland vert måndag 7.nov 2016 kl 20:00, saman med bondekafeen på Omvikdalen skule. Her kjem fylkesmannen og fortel om dei nye søknadrutinane for produksjon og avløysartilskotet frå 2017. Dette er i regi av Omvikdalen Bondelag.

Medlemsmøte i Buskerud vert onsdag 2. november kl 20:00, på Torpemoen på Ål.

Og torsdag 3. november kl 20:00, på Rødberg Hotell i Numedal

 

Vi håpar at mange har høve til å vera med oss desse kveldane.

Velkomen