Landbruksvikar

Til alle bønder i Hordaland og øvre Buskerud

 

Landbrukstenester Folgefonna SA har pr. i dag 10 landbruksvikarar, fordelt på Hordaland og øvre Buskerud. Desse er fast tilsette. To personar i 60% stilling og åtte personar i 100% stilling.

 LT Folgefonna er bøndene sin eigen medlemsorganisasjon (vikarbyrå). Og det er såleis  medlemskap, bruk av tenestene, samarbeid og gjensidig tillit som gjev grunnlag for  utvikling og gode tenester. Vi har ”apparatet” som kan gjera jobben, men det er du som medlem og aktiv brukar av tenestene som i realiteten avgjer kor gode tenestene skal bli.

Forskrifta stiller ingen krav til medlemskap i LT Folgefonna for å nytta landbruksvikar. Heller ikkje at bøndene skal bruka landbruksvikar ved sjukdom, likevel er det naudsynt å koma med nokre «ynskjemål» for å kunna oppretthalda  tilfredsstillande beredskapsordning:

  • Ved sjukdom bør du alltid ta kontakt med laget sitt kontor for å høyra om det er ledig landbruksvikar. Er det ledig landbruksvikar bør denne nyttast så langt som råd.
  • For å oppretthalda ein stabil beredskap må bøndene vera villege til å nytta landbruksvikaren til annan avløysing/arbeid, – for eksempel ferie og fritid, – når det ikkje er sjukdom.
  • For at bøndene skal kunna dra nytte av dei reduserte prisane må all administrasjon av landbruksvikaren skje gjennom avløysarlaget.

Ting landbruksvikaren i så god tid som mogeleg.

Vi tilbyr:

  • Kompetente fagfolk i alle typar fjøs. Robot, mjølkegrav og båsfjøs.
  • Skogsarbeid, sprøyting, gjerding.
  • Klauvskjæring, fostertelling.
  • Onnearbeid.


Korleis tingar du landbruksvikaren?

All tinging av landbruksvikar skal skje gjennom LT Folgefonna.

Ver merksam på at landbruksvikaren skal prioritere sjukdom, dersom du har tinga han til anna avløysing/arbeid kan det tenkjast at dette må avbrytast dersom det blir behov for sjukdomsavløysing.(Dersom du er bortreist vil me sjølvsagt finna andre løysingar.)

 

For å vera best mogleg rusta til å ta oppdrag ved akutte situasjonar, så ønskjer vi å tilby alle bønder som ikkje har hatt landbruksvikar på bruket, eit mål med landbruksvikar ved ledig kapasitet.

Vi har også to sertifikerte klauvskjerarar. Ein i kvart fylke. Desse er flinke i sitt fag, og får mange gode tilbakemeldingar. Vi har og fosterteljar, og hovslagar.

 

Telefon til kontoret:      53 48 22 70

Vakttelefon – utanom kontortid (akutt):        99 08 61 37

Kontoret er bemanna mandag til fredag mellom kl.08.30 og 15.30.

 

 

Kva kostar landbruksvikaren for deg?

Prisen på bruk av landbruksvikar under sjukdom er fastsett i jordbruksavtalen, og er for 2018 kr. 1.555,- pr.dag. Dei andre prisane vert fastsett av styret i det einskilde  lag.

Landbruksvikaren skal prioritere sjukdom og kriser, men kan og nyttast til anna arbeid, – for eksempel ferie og fritid, – dersom det ikkje er sjukdom.

 

 

Prisane i vårt lag er:                                      Heil dag.         Halv dag         Pr.time

#          Sjukdom                                              kr. 1.555, –       kr. 777,5,- + MVA

#          Annan avløysing/arbeid                                                                   «    300,-        «

#          Helgeavløysing                                                                                   «    450,-        «

 

Det vil berre bli belasta for pr time på vanleg ferie og fritid. I kostnaden pr time og heil/halv dag er køyring, ferjer, bom osv inkludert. Så du som bonde vil ikkje få uforutsette utgifter i etterkant. Minstefakturering er 2 timar pr oppmøte.

(Helg er: laurdag og sundag + andre helg og høgtidsdagar.)

 

Utlønning:

 

Vi kan stå for utlønning for deg som bonde for å få benytta ferie-/fritid-refusjonen. Du som bonde sender inn timelistene til oss, og vi står som arbeidsgjevar for den tilsette.  Du vil  få faktura på utlønninga i etterkant.

Vel du å sette refusjonen inn til oss får du 2 % renter på beløpet, godskrivne deg. Du får då kun fakturakopi til rekneskapet, mens beløpet vert trekt av pengane du har inne hjå oss.

 

For å sjå kven våre tilsette er. Gå under informasjon – tilsette i menyen.