Infoskriv oktober-2016

Ubenytta refusjon

Vi ynskjer å minne alle på at De må sjekke om De har ubenytta refusjon ferie/fritid att for 2016. Dette er refusjon som må dokumenterast innen utgongen av året.

Dersom dette er noko som De ynskjer at vi skal hjelpe dykk med så minner vi om at siste ordinære utlønning før jul er 10.desember. Vi hjelper dykk gjerne både med utlønning, og dokumentering av dette. Ta kontakt dersom De har spørsmål om dette, eller treng hjelp til utrekning av timar.

Timar som er blitt jobba etter 10.desember blir det føreteke ei utlønning på rett før nyttår.

Minner om at dersom det er nye personar som skal lønnast, så er det viktig å få informasjon om denne personen tidleg slik at vi får registrert dei. Dersom det er ungdom som skal lønnast og som skal ha frikort, så må dette søkast på hos skatteetaten.no

Dersom frikort/skattekort ikkje er på plass, så vert det trekt 50% skatt.

Innlevering av timelister er mandag 5.desember 2016

Elektroniske timelister/Webtemp

For medlemmer som ikkje har teke i bruk Webtemp endå, så er det ynskjeleg å få dette på plass. Det er  berre å ta kontakt med oss slik at vi får laga tilgong til elektroniske timelister. Vi må lage til eit oppdrag i botnen som set betingelsane for perioden det skal tilgong til dei elektroniske timelistene, lønn ect. Deretter blir det gitt tilgong og sendt ut påloggingsid og passord både til den ansette og til oppdragsgjevaren som er bonden. Her vil den ansette få tilgong til sin ansattportal, og bonden vil få tilgong til sin kundeportal. Meir informasjon om dette ligg på heimesida www.ltfolgefonna.no

Avdelingskontoret på Gol

Avdelingskontoret på Gol og avtalen med Hemsedal innkjøpslag er vedteke nedlagt frå 15.september 2016. Dette blei vedteke på styremøte 29.juni 2016 i sak 22/16. Dette medfører at all kontakt og korrespondanse heretter vil gå via hovudkontoret i Rosendal.

Vi ber om at timelister og spørsmål vedrørande landbruksvikar enten det gjeld ferie/fritid eller sjukdom rettast til kontoret i Rosendal. Vennligst ta kontakt dersom det er spørsmål angåande dette.

Kontaktinformasjon:

landbrukstenester.folgefonna@n-lt.no

ltfolgefonna@n-lt.no

Hovudnummer tlf 53482270

Vakttelefon tlf 99086137

Landbrukstenester Folgefonna Sa

Postboks 21

5486 Rosendal

Endringar og fristar 2017

Frå og med mai 2017 vil det skje endringar i korleis føretak skal søkje om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Vedlagt finn du den viktigaste informasjonen i eit informasjonsskriv til deg som skal søkje om produksjonstilskot og tilskot til ferie og fritid i 2017.

Dette skrivet har vi henta frå Statens landbruksforvaltning si side

https://www.slf.dep.no/no/produksjon-og-marked/produksjonstilskudd/nytt-system-for-soknad-om-produksjonstilskudd-fra-2017