Informasjon til bøndene i forhold til koronavirus

Administrasjonen vil frå dags dato ha heimekontor for å minske risikoen for smitte. Vi kjem tilbake med meir informasjon når vi veit meir om når vi er tilbake på kontoret for fullt.

Lønn i april vil vere midt i påska. Det betyr at lønna må vere ute på konto til 8 april, vi får då difor veldig kort frist til føring. Difor er det veldig viktig at vi får timelistene inn til fristen, 1 april. Timelister som kjem for seint inn vil ikkje kunne bli lønna ut før etter påske.

Alle som har tinga landbruksvikar i tida framover ber vi om at dei tenke gjennom om det virkeleg er nødvendig å gjennomføre oppdraget. Vi kan risikere at bønder blir kritisk sjuke. Og då er vi avhengig av at landbruksvikarane våre er friske til å kunne rykke ut der det trengs. Dette gjeld og klauvskjering.

Informasjon frå NLT