HMS og avløysarkurs

24 april hadde vi HMS kurs i samarbeid med Charlotte Joys og NLR. 13 personar møtte opp og hadde ein lærerik dag. Først med informasjon og teori i kontorlokala våre, for så å reise til Revura samdrift for praktisk del. Stor takk til Johannes og Svein Hjelmeland som tok imot oss.

 

11-12 mai arrangerte vi avløysarkurs i samarbeid med tine og mattilsynet. 10 personar møtte opp, vi gler oss til å sjå desse igjen i arbeid for bøndene. Mattilsynet ved Arne Oftedal starta kurset med å informere om kompetansekrav i landbruket, smittevern, hygiene og varsling. Tine ved Olaug Tveit overtok med først ein teoribolk, for så å avslutte dagen med Helge Arne Espeland i Jondal for fjøsbesøk og mjølking.

Dag 2 blei starta med bonde Svein Hjelmeland, der han informerte om kva bonden forventa av avløysaren, og kva avløysaren kan forvente av bonden. Vi avslutta kurset med at Tore Gunnar Hjortland tok for seg HMS i landbruket, og alle farane ein avløysar må vere OBS på.