Pris avløysing og andre oppdrag

Pris for utlønning av avløysaren:

 

Ved ei timeløn på 150 kr/t får du som bonde ein faktura på 199,61 kr pr time + mva. Timelønna blir gonga med påslaget (1,3307). I det påslaget ligg alle sosiale kostnadar (feriepengar, forsikringar, OTP, administrasjon, premie sjukeløn og arbeidsgjevaravgift). Merk at dersom avløysaren er over 60 år vil påslaget bli litt høgare, ettersom at desse skal ha høgare feriepengesats. Vi følgjer lønnstabellane utarbeida for jordbruk og gartnerinæringa. Denne finn du på heimesida vår under avløysar. www.ltfolgefonna.no

Sosiale kostnadar og påslag utanom arbeidsgjevaravgift og feriepengar er hos oss pr. i dag kun 9,2%

 

Sjukdom:

 

Dersom du som bonde blir sjukemeldt så har du rett på avløysar på bruket i sjukemeldingsperioden. Dette gjeld ved sjukdom, fødsel eller dødsfall. Vi kan hjelpe deg med søknaden til fylket kostnadsfritt ved bruk av våre landbruksvikarar eller dersom du lønnar avløysaren din hjå oss. Refusjonen ved sjukdom fungerar slik at du lønnar avløysaren, vi sender faktura til deg som du må betale. Denne fakturaen blir lagt ved søknaden. Når søknaden er ferdig behandla frå fylkesmannen så får du utbetalt kostnaden du har hatt i sjukdomsperioden din til din konto ekskl. mva..

 

Kor stort beløp du er berettiga avhenger av tilskotsrammen din. Maks tilskot til sjukdom er 1555 kr pr dag.

Merk at det gjeld spesielle reglar dersom du har jobb utenom bruket.

 

Hugs at vi står for forsikringane for din arbeidstakar, ansvar og ulykke, dersom dei er lønna gjennom oss.

Ein annan ting man bør tenkje på er at ved bruk av same arbeidsgjevar til avløysaren, så vert det lettare å tena seg opp OTP.

 

Vi har også moglegheit til å lønna ut på andre oppdrag. For eksempel om du driv som entreprenør, er aleine eller har ansatte. Vi har då arbeidsgjevaransvaret, og forsikringar og alle formalitetar er i orden. Samt at du slepp å senda A-melding eller tenkja på å betala arbeidsgjevaravgift eller feriepengar.

Vi ynskjer å gjera ein god jobb for alle bøndene, har du spørsmål så ta kontakt.

 

Pris andre oppdrag:

Arbeidstakaren som blir lønna på andre oppdrag har same rettane til lønn og utlønning som for ein vanleg avløysar. Einaste forskjellen på avløysar/andre oppdrag er at påslaget er litt høgare.

Pris for oppdragsgjevar blir då timelønna til den tilsette * 1,3707. Har den til tilsette 150 kr/t blir då kostnaden til oppdragsgjevar 205,6 kr + mva.