Årets avløysar 2017

Kvart år kårar NLT fylkesvis årets avløysar. I år hadde vi to kandidatar, ein i Buskerud og i Hordaland.  Vi som arbeidsgjevar er veldig privilegerte som får ha desse to, og dei andre avløysarane våre i staben vår.  Begge to fekk tittelen i kvart sitt fylke, og for å hedre dei flinke karane våre så  har vi valt å legge ut nominasjonen på begge.

Kenneth Myrann

Kandidaten har opparbeida seg eit godt rykte i forhold til yrket sitt over eit såpass stort område, på så kort tid, at vi som arbeidsgjevar er veldig imponerte. I 7 fylker har han no kundar som klauvskjærar. Dette tilbodet blei gitt til bøndene så seint som februar 2016, og har berre auka i omfang i ettertid. I tillegg har han som klauvskjærar skaffa oss nye medlemmer, og kollegaene hans meir jobb med mjølking i etterkant av besøket. Totalt 136 bønder har brukt han i dei 7 fylka, dette utgjer 3743 dyr (pr 1 august 2017) gjennom klauvboksen. Med denne spreiinga av tilbodet om klauvskjæring så spreiier han og rykte om oss som arbeidsgjevar, i tillegg til kor kompetente og gode Landbruksvikarar vi har rundt om i landet. Dette bidrege til at bøndene ser kor viktige landbruksvikarane våre er. Både når det gjeld ferie og fritid, sjukdom, men og andre oppdrag dei blir sendt ut på.  På facebooksida hans: Sertifisert klauvskjærer Kenneth Myrann, kan ein sjå at fleire bønder har lagt inn 5 stjerner etter besøk, og positive kommentarar. I tillegg til å ha full timeplan med klauver, så stiller han opp når vi treng det på mjølking. Både ved sjukdom og ferie og fritid.

Kenneth er ein person som er utadvendt, positiv og med ein veldig ståpåvilje. Han er løysingsorientert, og ved problem med å få kabalen til å gå opp så er han god til å rådføre seg med. Han har god geografisk kjennskap om Buskerud som fylke, men og kjennskap til personar dersom vi treng meir beredskap ved sjukdom. Generelt er Kenneth veldig enkel og rådføre seg med. Hans haldning og framtoning er og ein av grunnane til at han er så godt likt av bøndene. I tida før han starta med klauvskjæring så fekk han og mykje skryt. Kenneth har heile veien fulgt med på utviklinga, og var ein av våre første landbruksvikarar til å sette seg inn i robot. Han tenker dyrevelferd, og er ikkje redd for å kome med tilbakemeldinga ut i frå kompetansen han har bygd seg opp gjennom dei åra han har arbeida i landbruket. Kenneth har og opparbeida seg mykje kompetanse og ulike sertifikat som han har hatt bruk for gjennom jobben. Nokre av dei som kan nemnast er:

Sertifisert klauvskjærar, verneombud, skogbruksutdanna, robot, varmearbeid, hengar/traktor lappen, traktor over 40 km/t, anhuker/traverskran kurs.

                       

Tore Gunnar Hjortland

Kandidaten er ein type arbeidar som er likt av alle bønder han er innom. Han er hardt arbeidande, effektiv, men mest av alt så sette han seg inn i gardsdrifta som om at det skulle vore hans eigen gard. Dette gjer at han har kjennskap til korleis kvar enkelt bonde driv, og det er ofte dette bøndene legger vekt på når dei ringer og vil ha han som Landbruksvikar. Vi har og hatt bønder som ringer inn og sammenliknar han med andre arbeidarar som gull og gråstein. På same måten som at vi har høyrt kommentarar om at bøndene håpar han ikkje får overta heimgarden, slik at dei får beholde han som avløysar. Han er av typen som lever og åndar for jobben, i tillegg til å vere Landbruksvikar så er han og ansattrepresentant i styret til Landbrukstenester Folgefonna. Og må som oftast tvingast på fri. Tore Gunnar er ein som alltid har full timeplan. Og skjeldent er det administrasjonen som skaffar han jobb, bøndene tek kontakt med han sjølv for å sikre seg at det er han dei får.  I tillegg til å ha mjølking, så er han minst like mykje ute på dagarbeid, og er ein av våre ansatte som har breiast kompetanse når det kjem til generelt anna gardsarbeid. Mykje av vintrane, og andre periodar i løpet av året når det rolig på mjølking så er han på skogsarbeid eller gjerding.

Tore Gunnar er ein person som er serviceinnstilt, hyggelig, og ser sjølv om det er noko han må ta tak i. Han er løysingsorientert og ein god støttespelar både for bønder og ansatte.  Han følger alltid med på utviklinga, og var tidleg ute med å lære seg opp i robot, samtidig som han var tidleg til å ta kurset i 50 km/t traktor, i tillfelle han fekk bruk for det i jobb sammenheng. Tore Gunnar er den typen Landbruksvikar som ryktet går rundt om. Dette har gjort at vi har fått spørsmål frå bønder utanom vårt område, om dei kan få bruke han til ferie og fritidsavløysning. Her fekk han og bruk for den sollide robot kunnskapen han har bygd seg opp. Dette tok han på strak arm, og bur meir og meir vekke no i ettertid for å hjelpe bøndene som ville ha hjelp. Han har frå han var ferdig med ungdomsskulen visst at det er i landbruket han vil arbeide. Først tok han agronomutdanninga, for så å bli ansatt hos oss når han var ferdig der.  I etterkant har han i tillegg opparbeida seg mykje kompetanse og mange sertifikat. Dei som kan nemnast er:

Robotkurs, sprøytesertifikat, traktorlappen, traktor over 40 km/t, gjerding og motorsagbevis.