Landbrukstenester Folgefonna er eit andelseigd avløysarlag, som har som hovudoppgåve å skaffa kvalifisert arbeidskraft til landbruket. Dette gjeld både til avløysing ved ferie/fritid og sjukdom. Vi står for utløning og forsikring av avløysaren, og vi administrerer i tillegg landbruksvikarar som stiller hjå deg dersom du skulle trenga avløysing eller hjelp på garden.
Hovudkontoret ligg i Rosendal, og med eit avdelingskontor på Gol dekkjer me 14 kommunar i fylka Hordaland og Buskerud. Ordninga med kommunal tilsett landbruksvikar vert avvikla i 2008, og det er no avløysarlaga som administrerer denne tenesten.
Laget vårt har 11 landbruksvikarar, ein administrasjon på fire personar og om lag 800 aktive medlemmer. Medlemmene er stort sett bønder, men me ser at delen av andre firma som nyttar oss til utløning stadig er aukande. Er du ikkje medlem hos oss, men ynskjer å byrja bruka oss til utløning er det berre å ta kontakt.
Vert du sjuk/skadd og treng avløysing, har du krav på landbruksvikar sjølv om du ikkje er medlem hos oss.
Vil du vita meir om dei ulike tenestene våre, gå inn i menyen til venstre.
Kartet viser kva kommunar vi dekkjer



