Vakt telefon

Trenger du landbruksvikar ved sykdom/skade i helg eller utenom kontortid, har vi døgnbemannet vakttelefon.

99 08 61 37


Dimmelsvik - tlf 99384870

 

 

 

Vitjing på slakteriet

10. December, 2009
Print
Siste veka i november var administrasjon og styret samla på Gol til styremøte, og vi fekk i tillegg eit besøk på Nortura sitt anlegg.

Med slakterisjef Torleif Bjella som guide fekk vi ta runden heilt frå ferdige biffar og bakover i prossessen til klypping og partering. Den dagen vi vitja anlegget var det sau som vart slakta, og mangen skulle nok ynskja dei kunne svinga kniven like godt som karane der inne no når både juleribbe og sylteflesk skal gjerast klar til jul.

Ullavdelinga fekk også eit besøk, og det var fascinerande å sjå dei raske fingrane på damene som sorterte ull. At Bjella var sers velinformert om drifta ned på detaljnivå gjorde at vi sat att med eit godt inntrykk av kva utfordringar Nortura har, og ikkje minst kva jobb dei ulike avdelingane gjer.

Vi takkar for ei flott omsyning og tek kanskje turen igjen ved eit anna høve.  



Tilbake