Ny ordning
Avstanden frå landbruksvikaren til bonden varierar mykje frå stad til stad, og enkelte gonger går så mykje som 2-3 timar av arbeidsdagen til køyring, og den effektive arbeidstida på garden vert redusert der etter. For å gjera bruken av landbruksvikar mest mogeleg rettferdig har Landbrukstenester Folgefonna no innført ei ordning der alle er sikra minimum 6,5 timar effektiv arbeidstid frå landbruksvikaren per dag, og overtid som kjem grunna lang reiseveg vert dekka av laget. I første omgang prøver vi dette ut året, men fungerer det bra så vil truleg ordninga bli permanent. Vi håpar dette kan vera med å jamna ut dei forskjellane som har vore grunna geografiske avstandar, og er det noko du lurer på kring den nye ordninga er det berre å ta kontakt.



