Ny dagleg leiar
Fra og med 1. januar har Inger Berge Eik overteke som dagleg leiar i Landbrukstenester Folgefonna.
Som ein frisk start på året har LT Folgefonna fått seg ny dagleg leiar. Inger B. Eik har jobba i administrasjonen sidan 2003, og i den seinare tid vore avdelingsleiar ved kontoret i Rosendal. No skal ho sitja ved roret medan Trygve Fredheim har gått over i ein 40 % stilling som seniorrådgjevar.
Arbeidsoppgåvene i administrasjonen vil vera omtrent dei same. Torbjørn Aalton tek i mot timelister på Gol og administrerer landbruksvikarane i Buskerud, Jane har utlønning og administrerer landbruksvikarane i Hordaland og Inger har rekneskapet i tillegg til oppgåvene som fylgjer med dagleg leiar rolla.



