Ny Landbruksvikar
Landbrukstenester Folgefonna har frå 3. juni tilsett ny landbruksvikar i Kvinnherad.
Etterspurnaden etter landbruksvikarar er stadig aukande, både på sjukdomsavløysing og ferie/fritid, difor har vi tilsett Piotr Chlebowicz i 100 % stilling, i første omgang for tre månadar. Piotr, som opprinneleg er frå Polen, kom til Norge i 2002. Han er busett i Herøysund med kone og barn og er utdanna industrimekanikar. Med brei erfaring frå arbeid innan landbruket, og ikkje minst mange års erfaring, har bøndene han har arbeidd hos gitt han svært gode skussmål, og Landbrukstenester Folgefonna er trygg på at han vil gjera ein utmerka jobb hos våre medlemmer.



