Mykje sjukdomsavløysing
Spesielt på vestsida av fjellet har utfordringane vore store med så mykje som 12 sjukemeldingar samstundes og berre 4 landbruksvikarar. Dette har ført til at både bønder og ikkje minst landbruksvikarane har blitt tvungne til å vera både kreative og fleksible, og eg håpar at dei som har tronge hjelp har fått det. Store avstandar og ferjer har også ført til at landbruksvikarane har måtta budd vekke, og vi set umåteleg stor pris på bøndene som har vore hjelpsame med overnattingsplass, og landbruksvikarane som tek slike oppdrag på strak arm.
Ordninga med vakttelefon og snarleg hjelp ved akutt sjukdom ser ut til å fungera bra, og dei med kortare sjukdomsperiodar har fått hjelp heile perioden. Vi vil likevel minna om at dersom du vert langtidssjukemeldt og vil trenga hjelp over fleire månadar, bør du prøva finna arbeidskraft som du med sikkerheit kan behalda heilt til du er friskmeldt igjen. Landbruksvikarordninga fungerar slik at ved fleire sjukdomstilhøve vert det mest akutte og alvorlege prioritert, og me kan ikkje binda opp ein landbruksvikar hjå ein bonde over ein for lang periode.
Lurer du på noko i høve sjukdomsavløysing er det berre å ta kontakt, me høyrer gjerne frå deg!



