Meld di interesse for landbruksvikar
Landbrukstenester Folgefonna har no 9 landbruksvikarar fordelt på Øvre Buskerud og deler av Hordaland. Heldigvis er dei ikkje fullt opptekne med sjukdomsavløysing, og vi ønskjer difor å senda dei ut på andre oppdrag innimellom. Er du ein av dei som kunne tenkt deg landbruksvikar i nokre dagar, anten for å ta deg ein velfortent fridag frå dyrestellet, eller kanskje du skulle ha rydda eit beite eller måka snø? Då håpar vi du tar kontakt, så finn vi ein ledig dag.
Det er også mogleg å komma med ønskjer litt fram i tid, mange har planar om ting som skal gjerast når snøen forsvinn, og då kan kanskje eit ekstra sett arbeidsnevar vera til nytte.



