Informasjon 2 2009
Info nr. 2 - 2009 – april
Medlemsoppgåve
Dei som har hatt utlønning i januar, februar eller mars finn vedlagt medlemsoppgåve. Kontroller denne, er det noko som du meiner ikkje stemmer, eller har spørsmål om så ta kontakt med oss.
Landbruksvikarordninga
Oppbygging av landbruksvikarordninga er framleis prioritert hjå oss. Til no har vi tilsett, eller inngått beredskapsavtale med 10 personar. Medlemene har vore flink å nytta seg av denne gode ordninga, både under sjukdom og ferie og fritid. Alle landbruksvikarane har såleis hatt full sysselsetjing heile tida.
Vi har enno områder som ikkje er godt nok dekka med landbruksvikar. Dersom du kjenner personar som har ledig tid, eller kan tenkja seg å arbeida som landbruksvikar, så ta gjerne kontakt med oss. Det er aktuelt både med full stilling eller redusert stilling (beredskapsavtale).
Vi ynskjer først og fremst å styrkja desse områda:
Jondal, Hol, Gol, Odda/Ullensvang og Kvinnherad.
LT Folgefonna har ansvar for landbruksvikarordninga i heile vårt dekningsområde – 15 kommunar.
Alle bønder i området som har rett på tilskot under sjukdom har også rett på landbruksvikar ved sjukdom og kriser, - dersom han er ledig. Det er ikkje krav om medlemskap i LT Folgefonna for å ha tilgang på landbruksvikar, med det er sjølvsagt ynskjeleg .
Vårt mål er å kunna løyse denne viktige oppgåva på ein best mogeleg måte, - helst kunna garantere hjelp i vanskelege situasjonar.
Difor takkar vi for at fleire bønder er blitt medlem og nyttar oss til utlønning. God oppslutning og full sysselsetjing for landbruksvikarane er ei forutsetjing for å byggja opp ein god beredskap.
Landbruksvikar har slutta
Robert Douglas Bell har sagt opp stillinga som landbruksvikar hjå oss, og er såleis ikkje lenger tilsett i LT Folgefonna.
Har var stasjonert på Gol og hadde dei kringliggjande kommunar som arbeidsområde.
Vi beklagar att han er slutta, men vil så snart som mogeleg søkja etter ny person i stillinga.
Ta likevel kontakt om du har behov, vi har fleire landbruksvikarar tilgjengelege i området.
Tilskot ferie og fritid 2008
Tilskotet for 2008 vil som før bli utbetalt ca. 10.juni 2009. Samstundes kjem ajourhald for 2009 som viser kor mykje det tilskot ferie og fritid det einskilde foretak har rett på i 2009.
Dersom du har hatt avløysing fram til no så ver gild å send inn timelister. Ikkje vent til slutten av året, då er det snart å gløyme og tilskot blir kanskje ikkje brukt.
(For 2008 hadde medlemane i vårt lag over 1 million ubrukte midlar, det er beklageleg.)
Ha ein fin vår og forsumar.
Helsing
Inger, Torbjørn, Nils, Evald, Trygve.



