Vakt telefon

Trenger du landbruksvikar ved sykdom/skade i helg eller utenom kontortid, har vi døgnbemannet vakttelefon.

99 08 61 37


Dimmelsvik - tlf 99384870

 

 

 

Heiderspris til Trygve Fredheim

16. November, 2009
Print

Haustsamlinga på Gardemoen vart litt spesiell for utsendingane frå Landbrukstenester Folgefonna. Dagleg leiar Trygve Fredheim vart heidra med Kongens Fortenestemedalje i sølv.

Etter mange års innsats for avløysarlag og Norske Landbrukstenester vart Trygve Fredheim heidra under samlinga på Gardemoen sist veke. Ordførar i Kvinnherad, Synnøve Solbakken, hadde teke turen eins ærend for å overrekka Kongens Fortenestemedalje i sølv til ein ganske overraska Fredheim.


Det er ikkje til å koma vekk frå at innsatsen som er gjort for å byggja opp NLT og avløysarlaga kringom i Norge ikkje kan verdsetjast høgt nok. Gratulasjonane var varme og kom frå mange hald, og Trygve sin kommentar var: - Tusen takk! Eg visste ingenting om dette!

 

Haustsamlinga gav også god fagleg utteljing. Representantar frå styret samt administrasjonen fekk med seg kurs og føredrag om både løn og lønsoppbygging, styrearbeid, informasjon frå NAV, landbruksvikarordninga og den nye samvirkelova.

 

Bildene er tatt av Frode Alfarnes, NLT



Tilbake