Handtering av avhengighet
Fråver og problemer som følgje av ulike typar rus og avhengighet kostar arbeidsgjevarar i Norge årleg mange millionar kroner. Mange tenkjer kanskje først og fremst at AKAN sitt arbeid gjeld rus i narkotikasamanheng, men organisasjonen famnar om alt frå alkohol til reseptbelagte medisiner og til speleavhengighet. Kompetansesenteret si oppgåve er å lage rettleiing og gode verktøy som arbeidsgjevarane kan nytta for å hjelpa tilsette som slit med ei form for avhengighet eller er i ferd med å koma i den situasjonen.
Desverre er tema kring ulike typar avhengighet framleis veldig tabubelagt, og i mange tilfeller går det for lang tid før ein klarar gripa fatt i det. Jarle Wangen, rådgjevar ved AKAN kompetansenter, sette fokus på viktigheita av å bry seg og at ein må ta teikna alvorleg utan å retta ein formanande peikefinger.
Landbrukstenester Folgefonna består hovudsakleg av kommunar utan store byar, men rapportering frå politiet syner at alvorlege rus og avhengighetsproblem er godt representert i bygdenorge. For Landbrukstenester Folgefonna, som i fjor hadde nesten 1300 personar på lønningslista, seier det seg sjølv at å driva eit effektivt AKAN-arbeid vil by på utrulege utfordringar. Likevel er det stor sannsynlegheit for at ein eller fleire av våre tilsette vil koma i ein slik situasjon, og då må vi vera rusta til å takla dette på rett og ikkje minst best mogleg måte.



