Vakt telefon

Trenger du landbruksvikar ved sykdom/skade i helg eller utenom kontortid, har vi døgnbemannet vakttelefon.

99 08 61 37


Dimmelsvik - tlf 99384870

 

 

 

Fjøsbesøk i Omvikdalen

21. December, 2009
Print
Sist veke var landbruksvikarane våre på vestsida så heldige å få ei omvising i det nye lausdriftsfjøset til TM Samdrift i Omvikdalen som fekk første ku på bås i mars i år.

Magne Hjelmeland, som er ein av dei fire i samdrifta, tok oss med på ein runde i den 2000 kvadratmeter store driftsbygningen der dei driv mjølkeproduksjon. Kvoten er på 492000 liter, og når vi var innom var det 69 kyr som mjølka. At den teknologiske revolusjonen har innteke landbruket er det ingen tvil om, og med mjølkerobot på plass vert mykje styrt med tastatur og mus.


Ingen av landbruksvikarane har vore noko særleg borti mjølkerobot, men målet er at dei etter kvart skal kunna hoppa inn på kort varsel å ta avløysing på stader der det er robot. Magne informerte godt om registreringar under mjølking. Mengd, urolegheiter og dersom kua sparkar av seg mjølkeorgana vert loggført, og vi fekk svar på alle spørsmåla vi hadde kring dette med vasking, påsetjing og sjukdom. Samtlege var vel ein smule bergtekne då robotarmen kom fram og ut frå eit lite kamera og innlagte koordinatar navigerte seg fram til spenane.

 

 

Draumefjøs

Store flatar, lyst og luftig og høgt under taket er ikkje kvardagen for den jamne vestlandsbonde. Når det i tillegg er automatisk måkeanlegg står det ikkje att mange av dei opprinnelege arbeidsoppgåvene i eit fjøs. Så kva gjer eigentleg drengen eller budeia her til gards?
- Når alt går som fot i hose tek ikkje det daglege stellet eller tilsynet meir enn vel ein time morgon og kveld. Men nokre kyr er trege å gå innpå å bli mjølka. Desse må jagast innpå og så må vi inn å sjå kva registreringar som er gjort om det kan vera t.d sjukdom som gjer at ei ku mjølkar mindre eller ikkje er så ivrig etter å reisa seg lenger. Så er det litt omprogrammeringar og registreringar som må gjerast dersom ei ku skal eller har kalva, eller det er sjukdomstilfeller, så litt å henga fingrane i er det framleis, understrekar Magne.

 

Landbruksvikarane hadde på ei samling tidlegare i haust ytra ønske om å få prøvekjøra Fendt, her var det visstnok litt meir spakar og knappar som måtte på rett plass før ein fekk flytta på seg, og K. Hjelmeland var ikkje verre enn at dei stilte med traktor så samtlege fekk ei kjapp "Korleis køyre Fendt"-opplæring.

Landbrukstenester Folgefonna rettar ei stor takk til Magne, Audun og Knut Hjelmeland og Lars Børge Sæberg som lot oss få koma på besøk!

Bilder fra fjøset, alle foto Jane Haaranes



Tilbake