Vakt telefon

Trenger du landbruksvikar ved sykdom/skade i helg eller utenom kontortid, har vi døgnbemannet vakttelefon.

99 08 61 37


Dimmelsvik - tlf 99384870

 

 

 

Avløserkurs 2009

5. October, 2009
Print
Dei tre dagane i Jostedalen gav ikkje berre fagleg påfyll, også utveksling av erfaringar og gode tips og råd sytte for at me reiste heim svært mykje rikare enn me kom.

Både landbruksvikarar og tilsette i administrasjonen hadde mykje å henta frå den samansette menyen som arrangørane LT Hordaland og LT Sogn hadde laga til. Det viktigaste og største temaet var krisehandtering i landbruket, og her opna bedriftssjukepleiar Birgit Weel Skram og bedriftslege Ove Li. Dei la vekt på den psykiske og fysiske helsa, samt reaksjonar og sorgprosessar.  

Agnar Kveane, brannsjef i Luster kommune, prata om kriseteam i kommunane,  samt kva og kven som rykkjer ut ved ulike krisar og kommunen sine oppgåver i ulike situasjonar. Han hadde også fleire konkrete døme på både ulukker og brannar der ein gjekk gjennom hendingane steg for steg, kva ein burde/skulle gjera og korleis ein kan reagera i ulike situasjonar.

LV fra LTFolgefonna samlet på kurs

Som ei særs god fagleg avslutning på første kursdagen heldt Kåre Rydningen, som er veterinær i Mattilsynet, ei t svært lærerikt og nyttig innlegg om kriser i landbruket og dyretragediar. Her kom ein inn på  vanskjøtsel av dyr, meldeplikt og korleis ein som landbruksvikar skal handtera dei ulike situasjonane. 

Andre dag skulle først og fremst nyttast til å bli kjend med tilsette i andre lag, utveksla erfaringar og ikkje minst sjå at ein har kollegaer sjølv om ein som landbruksvikar for det meste reiser rundt aleine. Dagen vart starta med to korte innlegg frå Morten Årset, rådgjevar i TINE, og Karl Vie frå Nortura. Det vart også tid til eit lite gardsbesøk med rådgjevaren frå TINE. Så bar det av garde på brevandring for dei som ville det, og for dei litt mindre spreke heldt det med ein tur inn å sjå på den flotte breen.

Siste dag vart Kåre Rydningen invitert tilbake, etter sterkt ynskje frå kursdeltakarane. Svineinfluensa og den nye lova om dyrevelferd var tema. Tema som kan koma påverka landbruksvikarane i det daglege. Dagleg leiar i NLT, Frode Alfarnes orienterte så om Norske Landbrukstenester og deira funksjon, og som avslutning prata Gjermund Stuve, dagleg leiar i LT Hordaland om dei daglege utfordringane med å administrera landbruksvikarar i svært utstrakte område.

Det sosiale er viktig

Diskusjonane kring dei ulike tema heldt fram gjennom middagen på kveldane, og det å ha nokon som driv med det same som deg å utveksla erfaringar med såg ut til å ha stor nytteverdi for samtlege av dei tilsette. I tillegg fekk me i LT Folgefonna samlast og prata om  kva me kan gjer for å bli ein endå betre arbeidsplass, og ikkje minst for å gi eit endå betre tilbod til bonden.



Tilbake