Årsmøte 2009
Møtet vart halde på Voss tysdag 23. mars, og i tillegg til styret og administrasjon var det 9 utsendingar frå Øvre Buskerud og 9 utsendingar frå Hardanger til stades.
Lars Børge Sæberg vart vald til møteleiar og losa årsmøte gjennom saklista.
Nytt styre
Styreleiar Erling Aga og styremedlem Nils Medgard takka begge for seg, og nestleiar Magne Øynebråten vart vald til ny styreleiar for 2010. Med seg i styret får han Jacob Johs. Hjeltnes som nestleiar og Christer Carlsen som begge har sete i styret for 2009, og sa seg viljuge til gjenvalg. Arne Presthus har eitt år att, det same med Tine Olsen som er dei tilsette sin representant. Dei to nye som er valde inn er Sverre Leo Handegard og Haldis Prestmoen.
Ein heidersmann
Trygve Fredheim, som har sete som dagleg leiar i laget sidan 1984, overlot frå nyttår sjefsstolen til Inger Berge Eik. Styreleiar Erling Aga meinte at etter å ha motteke kongens fortenestemedalje i sølv var heidersmann den beste tittelen, og Fredheim vart overrekt ei gåve som takk for ein formidabel innsats for å byggja opp både avløysarlag og mange av velferdsordningane landbruket har i dag.
Administrasjonen håpar å få til eit drivande godt samarbeid med både styret og ikkje minst alle medlemmane våre i 2010!



