Søknad til avløysing ved sjukdom

Ved sjukdom kan vi ta på oss å søke refusjon for avløysarutgifter for medlemmane våre.

Nytt no er at alle søknadar skal gå elektronisk for meir effektiv saksgong.

Vi kan hjelpe bøndene med dette, men for at vi skal kunne yte denne tenesta så må bonden:

1: Gje oss tilgong til søknadsskjemaet i altinn. Ta kontakt med oss for å få framgongsmåten.

2: Vi treng sjukemelding. C del.

3: Vi treng dyretal i søknadsperioden.

4: Treng informasjon om NAV utbetalingar og evt annan inntekt utanfor bruket.

Det er viktig at alle bøndene som er sjukemeldt tar kontakt med oss, slik at vi kan bidra med søknad, men slik at vi og får laga oppdrag på avløysaren som er der i sjukdomsperioden, før timane skal førast. Om bonden ønskjer å søke sjølv, så må vi likevel vite om timelistene til avløysaren skal på sjukdom før oppdraget startar.

Vi ønskjer å starte med søknadsprossen så snart som mogleg. På den måten vil bonden få refundert pengane så raskt som mogleg.