Avløysarkurs Hordaland

Program
Nybegynnarkurs for avløysarar i mjølkeproduksjon

Kursansvarleg: LT Folgefonna, Janne Alsaker
Avgrensa tal deltakarar, så meld dykk på no.

Kursavgift: Kr.800 eks. overnatting, men inkludert dagpakke. Kursavgift kan betalast på konto: 3460.13.82360 eller de kan ta med kontantar på kurset.

Dei som treng overnatting kan ta kontakt med oss.

Det vert overnatting på Rosendal Fjordhotell. Teoridelen vil foregår i kontorlokala til Landbrukstenester Folgefonna
Ta med: Florsklede (dress, støvlar, cap/hue)
Er det problem med transport kan de ta kontakt, så skal vi sjå kva vi kan samordna.

Ber om at vi får beskjed om evt allergiar osv ved påmelding, viss det er noko som må takast hensyn til under lunsjen.

Dag 1:
Fredag, 11 mai 2018:

Oppmøte ved Landbrukstenester Folgefonna, 2 etasje på Spar i Rosendal
kl. 12.00: Lunsj
Kl. 13:00:
Velkomen og litt om kurset

Kl. 13:30
Kompetansekrav i landbruket, smitte hygiene og varsling, ved Arne Oftedal, Mattilsynet

Kl 14.30
Mjølk og mjølkekvalitet. Teknisk gjennomgang av mjølkeanlegg, mjølketank m.m.- ved Olaug Tveit, Tine

Ca Kl.16.45
Gardsbesøk til Helge Arne Espeland, Jondal, med teknisk gjennomgang og mjølking. Tine vil og vere med her.
Oppsummering rett etter gardsbesøk. Ferdig rundt 19.30

Dag 2:
Laurdag, 12 mai 2018:

Kl. 09.30
HMS i landbruket, med avløysaren i fokus ved Landbruksvikar Tore Gunnar Hjortland.
Kl. 10.30
Kva forventar bonden av avløysaren? Bonde Svein Hjelmeland
Kl 12:00 Lunsj
Kl. 13.00
Heimreise
Etter kurset skal alle ha minimum 12 mål med praksis hjå bønder i sitt nærområde. Me hjelper til med å finna praksisvertar.

Vel møtt!
Med vennleg helsing

Janne Alsaker
Lt Folgefonna
Postboks 21,
5486 Rosendal
www.ltfolgefonna.no
95794261/93094428/45212245